I mars 2020 skreiv dåverande politisk redaktør i Dagsavisen Lars West Johnsen ein mykje delt kronikk der han skildra folk som jogga i offentlege parkar under korona, for «jævlige» og «egoister». Samstundes synte ein rapport frå Kina at av 7324 smittetilfelle så hadde berre eitt (1) av dei spreidd seg mellom folk som var utandørs. I mai 2020 konkluderte amerikanske styresmakter med at ein ikkje trengde å vere redd for smitte utandørs, og det gjorde etter kvart også andre land. Likevel haldt mange vanlege folk fram med å vere redde for smitte utandørs, og i lang tid var idrettstreningar og utepils avlyst utan rot i realitetane.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent