USA har sett støtta til Ukraina på vent, og Donald Trump pressar på for at den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj skal akseptere ei løysing som vil føre til fred i landet.
Den norske statsvitaren og utanrikskommentatoren Vegard Bye meiner at både Ukraina og Europa heller burde sjå til Kina.
– Europa treng nye partnarar, og eg trur at det er Kina vi bør sjå til. Kina har enorm makt over Russland, og viss Kina legg press på Russland, så vil det ha mykje større vekt enn det både Europa og USA kan få til, seier han.
I 2023 lanserte Kina, saman med Brasil, ein fredsplan i tolv punkt, men han vart ikkje teken på alvor av korkje Ukraina, USA eller Europa.
No er det på tide å lytte til kinesarane att, tykkjer Bye.
– Mange trur at Kina og Russland er samde om Ukraina, men det stemmer ikkje. Kina har aldri anerkjent den russiske anneksjonen av Krym, og dei har sagt tydeleg at Ukraina må vere med i fredsforhandlingar, seier Bye, og legg til:
– Kina har heile tida stilt seg nøytral, men dei har gjort det ut frå deira grunnleggjande prinsipp om territoriell integrasjon og statars suverenitet. Dei ser heilt klart heil annleis på konflikten enn det Russland gjer.
– Denne krigen må ta slutt. Ukraina skal vere med å bestemme kor tid han skal ta slutt. Eg trur det ukrainske folket har lidd nok no og er klare for det. Når denne fryktelege krigen tek slutt, må ein umiddelbart starte nedrustingsforhandlingar. Kanskje det bør vere ein del av fredsforhandlingane om Ukraina.
Fredeleg nasjon
Både i Europa og i USA er dei fleste politikarane no samde om at vi må forsøkje å gjere oss mindre avhengige av Kina.
Det ser ikkje Bye noko grunn til.
– I den 3000 år lange kinesiske historia, så har Kina aldri vore interesserte i å ekspandere militært utover kjerneområdet sitt. Kina er ein fredeleg nasjon, som ikkje har synt noko interesse for militær ekspansjon. I motsetnad til USA. Då europearane koloniserte verda, så hadde Kina ein like imponerande flåte med skip dei kunne ha kolonisert med, men dei ville ikkje gjere det.
– Verda såg ganske annleis ut for 3000 år sidan, då. No lever vi i ei global verd, og Kina har openbert lyst til å vere ein mektig aktør i denne globale verda. Kan vi stole på at dei er fredelege berre fordi dei var det før i tida?
– Det er heilt rett at verda er annleis no. Poenget er at Kina er heilt totalt uinteresserte i å eksportere sin eigen samfunnsmodell. Dei bryr seg ikkje om kva samfunnsmodell andre folk har. Ingenting tyder på at deira økonomiske ekspansjon blir fylgd av militært nærvær. Det gjer at Kina skil seg kraftig ut frå både USA og Sovjetunionen.
– Det er veldig mykje hysteri rundt Kina i norsk praktisk politikk. Kinesiske interesser i Kirkenes er ikkje ein trussel mot norske interesser, og det er ikkje farlegare med kinesiske bussar i Oslo enn med amerikanske bussar.
Verne velferdsstaten
Vegard Bye er ikkje berre kontrær når det gjeld synet på Kina. Han stiller seg undrande til at heile den europeiske venstresida no ser ut til å ha akseptert at det er naudsynt å ruste opp forsvaret med enorme summar.
Også Bye er samd i at Europa må gjere seg meir uavhengig av USA i forsvarspolitikken, men han vert uroa over kor enorme beløp som no skal bli brukt på forsvar og opprusting.
– Skal vi gje avkall på velferdsstaten og det grøne skiftet? Og sei farvel til fredsrørsla? Eg seier nei. Eg trur ikkje på eit forsvar berre basert på militær opprusting. Viss vi byggjer ned heile velferdsstaten, så vil høgresida ta over heile Europa.