Solveigs salt

Menn som elskar

Ingen straffar Helena, ingen spør om prestedottera kan bli gift.

Iliaden og Odysseen er enkle forteljingar som det er lett å kjenna seg att i. Dei handlar om sjølvsentrerte kvinner og menn som kjempar like intenst for kjærleiken som for rikdom og makt, mens slekt og patriarkat kjem i andre rekke. Dei sympatiske trojanarane taper krigen fordi dei har fått Hera og Athene imot seg, og etterpå vender den skjønne Helena tilbake til han ho var gift med før ho stakk av med prins Paris, utan å få eit vondt ord for ekteskapsbrotet.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?

Solveigs salt

Pile­grimsferd

Klassiske bøker er som helgenar, omgjevne av stråleglans og fulle av tolmod. Sjølv om nesten ingen hugsar at dei finst, er dei alltid klar til å ausa velsigninga si ut over alle som vender seg til dei. Å lesa ein klassikar som har stått på vent heile livet, er som endeleg å ha fått teke seg saman til å dra på valfart til Nidaros eller Mekka, kanskje endå meir gjevande enn om det var blitt gjort før. Eg har i alle år gått omkring og hugsa eit lite utdrag frå engelskpensum på gymnaset, om «the Wife of Bath» som hadde vore tre gonger i Jerusalem og hadde hatt fem ektemenn i tillegg til ­ungdomskjærastane. Sist måndag tok eg «The Canterbury Tales» ut or hylla der dei har stått klar til lesing heilt sidan ­studietida. Og under over alle under, der kom dama ridande like frisk og frekk som før, på ein veldressert passgjengar, med ein hatt så stor som eit skjold på hovudet og ei fløymande kappe over dei breie hoftene. Ho har raude strømper og skor med sporar på hælane og er tilsvarande skarpskodd og radikal i tankegangen, med kunnskap om religion og anatomi fullt på høgd med dei mest framståande lærde i europeisk seinmellomalder. Boka blei skriven av ­engelskmannen Geoffrey ­Chaucer på slutten av 1300-talet, meir enn hundre år før innføringa av trykkjekunsten, og handlar om ein brokete flokk med ­pilegrimar på veg frå London til grava til ­martyrhelgenen Thomas Becket.

Stover og bøker

I Garborgsenteret på Bryne har dei laga etterlikningar av eit par av dei romma som diktaren heldt til i, slik at det er nesten som å gå inn i skrivehytta på Knudaheio, og i stova i barndomsheimen med den legendariske kista der han sneik seg til å lesa bøker bak ryggen på faren. Trass i den minimalistiske museumsstilen er det ei stemningsfull opning mot eit forunderleg diktarsinn. Men sand på golvet har dei ikkje, endå bøndene på Jæren til liks med folk på Jylland henta heile kjerrelass frå strendene og strødde han utover i kjøken og stove. Det gjorde reinhaldet enkelt og skurte golvplankane skinande blanke. I «Knudaheibrev» skriv Arne Garborg om kor festleg det var for ein liten gut når dei vaksne tok han med ut til det veldige havet, og om at den blå havsanden gav heimen hans ein dåm av strand og sjø. Langs den eine langveggen i utstillingslokalet er der bokhyller med meter på meter av ulike opptrykk av bøkene hans. Der står òg den same utgåva av samla verk frå 1944 som mannen min og eg kjøpte hos ei gamal dame som svarte på den annonsen me sette inn i Stavanger Aftenblad i 1975 eller 1976, ein periode då Garborg var redusert til lesebokpensum, og verken fanst på lager eller i butikkar. Det er fine band med skinnrygg og titlar i sølvskrift. Likevel er det noko armodsleg ved dei, for den stova dei stod i før dei kom til oss, var så kald og trist at me stansa i døra.

På Skarekula

Haugtussa» er ei lyrisk forteljing av Arne Garborg, utgjeven i 1895, trykt i mange opplag og ofte framført til musikk, no i vinter på Nationalteatret i Oslo. Hovudpersonen er den synske tenåringen Veslemøy, som slit tungt med utanforskap heilt til ho blir åndsfrende og kjærast med den jamgamle Jon. Men etter den første heite natta finn han seg ei anna. Veslemøy er gjetar og må ut i marka med husdyra enten ho er i form til det eller ikkje. Trist og motlaus legg ho seg ned attmed bekken og sovnar, og drøymer om ei hulder som kjem til henne med ærend frå bror sin. Han lengtar like heitt etter Veslemøy som ho etter Jon, og vil ingenting heller enn å elska og trøysta henne. Den klassisk utdanna Arne Garborg kjende nok frå før til myten om Ariadne, ho som hjelpte Tesevs til å drepa monsteret i labyrinten på Knossos, men blei sviken og forlaten på øya Naxos. Der fann guden Dionysos henne og løfta henne opp til lukkeleg ekteskap på Olympen.