I strålande sol stod ein statsminister full av liv og energi og delte ut løpesetlar i Bergen sentrum tysdag morgon.
Jonas Gahr Støre trivst med å regjere åleine, og opnar for å gjere det også etter stortingsvalet. No gjer han det klart at ei rein Ap-regjering opnar nye moglegheiter for eit anna parti, nemleg Raudt.
– Vår side kan vinne valet og få fleirtal, og viss det skjer, skal vi få ei Ap-leia regjering. Ei slik regjering må samarbeide med dei andre raudgrøne partia, anten ved at parti er med i regjering eller at vi samarbeider utanfor regjering, seier Støre.
Sidan 2005 har Ap inngått i ein allianse med SV og Senterpartiet. Først samarbeida dei tre partia i regjering, og dei siste tre åra har Sp og Ap regjert med SV som budsjettpartnar.
Viss den reine Ap-regjeringa held fram med å styre landet etter 2025, kan den samarbeide med både SV, Sp – og Raudt, seier Støre. Ap-sjefen vil ikkje gå inn på korleis eit slikt Raudt-samarbeid eventuelt vil sjå ut.
– Vi har samarbeida med Raudt i ein del saker som har vore bra. Vi ser det ikkje som naturleg å sitje i regjering saman med Raudt, men eg skal ikkje forskottere kva slags forhold vi får til dei ulike partia viss det blir eit raudgrønt fleirtal ved valet. Eg ønskjer å ha samarbeid og god dialog med Raudt, seier han.
– Kan det vere aktuelt med ei samarbeidsavtale med Raudt etter valet, slik Raudt sjølv ønskjer?
– Eg vil ikkje forskottere det, men eg merkar meg at Raudt har det utspelet. Ein form for samarbeid skal vi alltid få til. Så seier Raudt sjølv at dei ikkje ser det som naturleg å sitje i regjering saman med oss, og det handlar ikkje minst om store politiske skilnadar i utanrikspolitikken, seier Støre.
Ap-sjefen har tidlegare avvist at det finst eit politisk slektskap mellom Ap og Raudt. I 2018 sa Støre mellom anna at han har meir til felles med Erna Solberg og Høgre enn med Raudt. Til NRK sa Støre då at Raudt ikkje hadde eit demokratisk sinnelag.
Godt åleine
Støre meiner at det beste alltid er å få til ei fleirtalsregjering, men no som han leier ei mindretalsregjering med berre Arbeidarpartiet, ser han også nokre klare fordelar med det.
– Det er veldig inspirerande å ha sitt eige lag i regjering, det gir mange moglegheiter for partiet, og vi kjenner kvarandre godt. Då må vi finne løysingar i Stortinget saman med fleire parti. Arbeidarpartiet er opne, søkjande og lyttande, og det er slik vi må framstå.
– Kva slags fordelar er det med å sitje åleine i regjering?
«Arbeidarpartiet er opne, søkjande og lyttande.»
— Jonas Gahr Støre, Ap-leiar
– Målet etter eit val må vere å arbeide for ei fleirtalsregjering, men viss det ikkje går, så har Noreg gode erfaringar med mindretalsregjeringar som finn løysingar i Stortinget. Då må ein jobbe for eit godt parlamentarisk grunnlag for regjeringa, og eg vil ikkje forskottere korleis det vil sjå ut.
Førre gong Arbeidarpartiet sat i regjering åleine, var då Jens Stoltenbergs fyrste regjering styrte i år 2000 og 2001. Den regjeringa leia Arbeidarpartiet til eit historisk lågt valresultat i 2001. Men Støre meiner at det var ei regjering som trass alt utretta mykje.
– Det var ei regjering som synte handlekraft og gjorde viktige grep på kort tid. Samstundes fekk den regjeringa det tøft blant veljarane, og vi må klare å forklare kvifor vi gjer det som er viktig for landet, seier Støre.
Positivt for Raudt
Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen er begeistra over at Støre er meir positiv til å samarbeide.
– Alle partia som trengst for å danne eit fleirtal, må kunne forvente gjennomslag for sine veljarar. Sånn fungerer demokratiet, og difor er det bra at Arbeidarpartiet ikkje avviser eit samarbeid som sikrar at veljarane vert høyrt, seier Martinussen, og legg til:
– Vi skal forhandle knallhardt etter valet, for å oppnå størst mogleg gjennomslag for å få ned skilnadane og styrkje folkestyret. Det må Ap og andre parti vere førebudde på.
Martinussen og Raudt drøymer om at Ap skal inngå ein forpliktande avtale med partiet på Stortinget, mot at Raudt sikrar at ei eventuell Ap-regjering får fleirtal for statsbudsjetta sine.
– Denne regjeringa vart til ved å haste igjennom delar av EUs fjerde energimarknadspakke før veljarane har fått sagt sitt. Det er Raudt veldig mot, og difor er vi avventande. Samstundes har vi følgt med på røynslene frå Danmark, der Mette Frederiksens første regjering vart forplikta på ei avtale med dei andre partia i Folketinget, som våre vener i Enhedslisten seier mykje positivt om.