Dagboka

Gateliv

Endeleg var dagen der og ein gjeng vintørste unge menn (og kanskje også kvinner) slapp inn på Vinmonopolet i Valkendorfsgaten i Bergen. Der kasta dei seg over kassane med eksklusive flasker frå Frankrike. Det var det sjølvaste Burgund-sleppet som var i gang. Dei ivrigaste har lege i telt utanfor Vinmonopolet i dagevis. Tre studentar frå Handelshøgskulen (NHH) i Bergen skal ha kome fyrst. Sidan la fleire seg ned med sovepose utanfor Polet.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Dagboka

Florida

Delstaten Florida i USA, hjemstaten til president Donald Trump, langer ut mot dem som ikke deler deres mening og har satt opp en svarteliste. For et par uker siden ble finansminister Jens Stoltenberg (Ap) varslet om at Oljefondet kan havne på Floridas svarteliste. Nå gjør delstaten det klart at mye av norsk akademia allerede er på boikott-lista, kan nettstedet Khrono fortelle. Nord Universitet i Bodø er svartelistet av Florida. Boikotten skal også ramme Universitetet i Stavanger, Universitetet i Bergen, Oslomet, Universitetet i Sørøst-Norge og Bergen Arkitekthøgskole. Florida ønsker å markere avstand og kanskje avsky til institusjoner og bedrifter som har avviklet samarbeidet med Israel eller tatt avstand fra israelske partnere. Heretter er det forbudt for offentlige aktører i delstaten å samarbeide med, eller inngå avtaler med, de som er sanksjonert og svartelistet. Hva Florida konkret mener å ramme Nord Universitet og øvrig norsk akademia med, er noe uklart. Betyr det at amerikanske studenter må reise hjem? Eller vil USA nekte å delta på vitenskapelige konferanser om det dukker opp en førsteamanuensis fra Bodø? Ifølge Khrono varsler Florida-guvernør Ron DeSantis en hard linje mot de som støtter boikott av Israel. Sanksjonene skal gjelde i tolv måneder. Guvernøren vil altså markere avsky mot boikott ved å innføre boikott.

Fugl

Den mest utbreidde fuglen i Noreg er lauvsongaren, men det er ikkje så mange som har sett ein slik. Dei er nemleg veldig små, og også flinke til å gøyme seg. Det er likevel lett å høyre dei, for dei har ein vakker song, og det finst fleire millionar av dei. No er det uansett ingen spor å høyre eller sjå av dei, for dei har reist til Afrika. Til land som Tanzania og Zambia. Sjølv om den berre veg åtte gram, så har den ikkje noko problem med å fly dit sjølv. Og heller ikkje med å finne vegen.

Budsjett-­bruduljen

Det framstår som at årets forhandlingar om statsbudsjettet har vore meir krevjande enn det som er vanleg, men det er jo ikkje sikkert at det er sant. Kanskje er det berre det at meir av forhandlingane har vore i offentlegheita denne gongen. Dynamikken mellom dei fem ulike partia skaper ein annan situasjon enn det som er vanleg, med større insentiv til å kome med utspel under forhandlingane, og kanskje også til å dra dei ut. Det er uansett ikkje sikkert at partia tenar eller taper så mykje på budsjettforhandlingane. Meiningsmålingane som har kome denne veka, tyder på det. Og sjølv om Senterpartiet fekk veldig store gjennomslag i Støre-regjeringa i førre stortingsperiode, gjorde dei eit dårleg val i haust. Det kan verke som at det er andre ting som avgjer kva parti som går att og fram. I USA har det amerikanske statsapparatet vorte nedstengt fordi kongressen ikkje klarte å bli samde om ein budsjettavtale.