God morgon, godtfolk. Her om dagen hadde eg ei svært kjensleladd oppleving. For fyrste gong i historia skreiv og framførte eg eit dikt av personleg karakter. Da meiner eg av personleg karakter som ikkje handla om meg sjølv. Her kan de rett og slett få eit dikt gratis om de vil. De vil merke at det er ein fordel om personen som skal få merksemd, har eit visst namn, men det kan òg fungere dersom personen rimar på kål, bål, den katadrome fisken ål eller rett og slett kommunen i Buskerud. Bruk det med omhug!