TV-kanalane, ikkje minst NRK, har fått smaken på kjendisar i fleire slektsledd. Kjendisen vatnast ut til væska er smak- og fargelaus. Skulle opphaveleg kompetanse sive ut, dekk til med grå klut. Tilsett tørrgjær og hev sjølvbilete til dobbel storleik. Riv ei kålrot spekka med dill og strø jamt over. Pynt med Non-Stop og skingrande heiarop. Serverast rått, med ei god klype salt.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Ein jubilant
Akkurat nå
God morgon, godtfolk. Her om dagen hadde eg ei svært kjensleladd oppleving. For fyrste gong i historia skreiv og framførte eg eit dikt av personleg karakter. Da meiner eg av personleg karakter som ikkje handla om meg sjølv. Her kan de rett og slett få eit dikt gratis om de vil. De vil merke at det er ein fordel om personen som skal få merksemd, har eit visst namn, men det kan òg fungere dersom personen rimar på kål, bål, den katadrome fisken ål eller rett og slett kommunen i
Buskerud. Bruk det med omhug!