Snudde
Nyleg avla denne spalta Bergen ein visitt, der to idrettslag vil arrangera eit løp i den storslåtte gang- og sykkeltunnelen mellom Fyllingsdalen og Bergensdalen. Løpet ville hindra allmenn bruk av tunnelen, og derfor var signalet frå fylkeskommunen, som er vegansvarleg, at dei ville få nei.
Det er prisverdig at folk flest skal prioriterast, men det var snakk om eit lite avbrekk for vanleg bruk av tunnelen mens løpet blei gjennomført. Fleire reagerte. No har fylkeskommunen snudd og vil gi arrangøren løyve til å arrangera løpet og samstundes la politikarane laga føringar for korleis slike spørsmål skal avgjerast i framtida, skriv lokalavisa Sydvesten.
Avtroppande leiar i Fyllingen IL, Atle Børnes, er glad. Han påpeikar også noko viktig: «Det krever litt mot å ombestemme seg.» Det er lett for at det går prestisje i saker og ting, enten det er fylkeskommunale spørsmål eller det store målet i påsken om å nå ein kvit fjelltopp, uansett vêr og vind.
Alle som tar avgjerder, slit med å skifta meining, men å ta feil og gjera ei ny vurdering, er viktig, påpeikte sjeføkonom Harald Magnus Andreassen i eit intervju her i avisa for ikkje så lenge sidan og la til: «Å skifta meining er tungt og pinleg.» Derfor er det verd å minna om den åttande fjellvettregelen, om ein er på fjellet eller ei: Det er inga skam å snu.
Anne Kari Hinna