På tampen

Undergangen – tra-la-la!

Endetidsmusikal får fram kognitiv dissonans i vokalharmoni.

Minnet om verda: Mor (Tilda Swinton) studerer sonens miniatyr av verda i Joshua Oppenheimers «The End». Foto: NeonMinnet om verda: Mor (Tilda Swinton) studerer sonens miniatyr av verda i Joshua Oppenheimers «The End». Foto: Neon

Den nye og aktuelle filmmusikalen «The End» (2024) tvingar publikum til å oppleva jordas undergang saman med direktøren for eit oljeselskap og familien hans. I 20 år har direktøren og den kunstinteresserte kona levd saman med ein butlar, ein kokk og ein lege i ein sjølvforsynt bunker djupt nede i ei gammal saltgruve. Her inne, i ein besteborgarleg tidskapsel, har dei fått ein no vaksen arving som aldri har sett dagslys, som fordriv tida med å bygga ein miniatyrmodell av verda han har lese om og ta diktat til farens klimafornektande memoarar. Nærast som Hitler og Eva Braun, omgjevne av meisterverk frå kunsthistoria, prøver desse siste restane av verdas herskarklasse å innbilla seg at dei ikkje har noko skuld i masseutryddingskatastrofen og at dei ikkje kunne ha gjort andre val enn dei som førte dei hit. «Saman er framtida vår lys!» syng den utdøyande familien.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Kultur

Kunst

Lars von Trier har fylt 70, og jubileet markeres med en kunst­ut­stilling på Willumsens Museum – kuratert av filmska­peren selv.

Ny norsk sangbok

For Fawzi Warsame er «Western Union Flows» av Arif Murakami århundrets beste norsk­språk­lige låt.

Kulturuka

To amatørar er hyra til å guide folk gjennom Nasjo­nal­mu­seet