Fokus

Rive ned huset

Då Trump nyleg skrota rettane til amerikanske ­transpersonar, tenkte eg på dei eg møtte i romjula.

Tredje juledag i Santiago de Chile var altfor varm, og då venninna mi spurte kor eg ville gå, hadde eg to krav: minst mogleg folk, mest mogleg skygge. Me kjøpte kvar vår is og sette oss i Parque Forestal, idet ei ung transkvinne kom bort og dumpa ned ved sida av oss. Har de tusen pesos, amigas, spurte ho. Eg må ha øl! Ho hadde kort nettingskjørt og leppestift utanfor munnen. Me har frukt, viss du vil ha, sa venninna mi og opna posene me hadde kjøpt på marknaden. Eg vil ha noko salt, sa kvinna, og lo rått. Så begynte ho å snakka. Munnen gjekk nonstop, og eg som trudde eg var blitt vant til chilensk spansk, måtte tru om igjen. Men venninna mi lo og tulla heilt til den framande reiste seg brått og sa: No eg ha ein øl. Har du to tusen, eller? Veit du kva, det har eg faktisk, sa venninna mi, og fann to setlar. Juhu! svarte vår nye ven. Eg veit ein plass eg får to øl for to tusen! Takk, ropte ho, og svinsa bortover graset. Ho prøvde å gå elegant, men ho knakk i knea.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Fokus

Teko­li­gar­kene tjener godt på vår besettelse av å bli mer enn et menneske.

«Eldre­bøl­gja» kjem ikkje utan åtvaring. Likevel blir eldre­om­sorga kutta i kommunar landet over.

Folk er blitt forsiktige med raske konklu­sjoner fordi første inntrykk ofte viser seg feil.