Boka «Liv» teiknar eit bilete av ei forfattarmor som ikkje greier å sjå dottera si.

Vekk frå verda

Merksemd: Mora vel litteraturen over dottera i Ingeborg Arvola sine tekstar. Foto: Ioann-Mark Kuznietsov/Unsplash

Dette er ei bok med to opphavskvinner. På eine sida er det ei etterlaten diktsamling av Liv Lundberg, som gjekk bort for tre år sidan. På andre sida får me, innimellom dei 65 sidene med dikt, 25 korte biografiske prosatekstar skrivne av Lundbergs dotter, forfattaren Ingeborg Arvola. Mellom desse to røystene oppstår det ei spenning. Lundberg si poetiske røyst vender seg vekk frå det personlege, medan Arvola si prosarøyst tvert imot går direkte til det personlege, og forsøker å setta ord på livet saman med ei mor som ikkje har vore så enkel, for å seia det slik. Sluttresultatet er kanskje ikkje så stor litteratur i alle stykke, men definitivt ei opning mot eit stort menneskeleg felt som det er lett å la seg gripa av.

Bokmagasinet