13. aug.
‘Tis the season Ah, kva er det med denne tida på året som er så utruleg deilig? Jo visst var det trist når ein forsto at sommaren snart var over, at han som vanleg hadde flydd forbi. Men så, når lufta brått er klar som eit nyvaska vindauge og akkurat så varm at du kan gå i skjørt utan strømpebukse og ein passe tjukk genser (som varmar, men ikkje gjer ein sveitt), og ikkje berre det: Lufta kviskrar, som ho har gjort så mange gonger før, at no kan liksom alt skje, berre du følgjer med, men ikkje på ein masete måte, som sommaren kan gjere, men på ein stille, delvis nostalgisk og delvis håpefull, måte.
Du får lyst til å sette på låtar om endring, du får lyst på endring generelt. Men, igjen, ikkje på ein masete måte, ikkje som når det er januar og marknadsføring om å bli eit betre menneske er overalt og trenger inn i hovudet så mykje at du til sist kjøper det treningsabonnementet eller byrjar på ein tåpeleg, sjelutsugande periodisk faste.
Nei, no skal ikkje noko abonnement kjøpast. For du innser at du heller vil gjere som Andreas Viestad sa i nyheitene: gå i skogen istadenfor inn i eit lokale utan vindauge og med lyd så høg at du fryktar han endeleg vil utløyse tinnitus. I skogen skal du plukke så mykje bær at du kan bli sjølvforsynt på syltetøy i eit år, og tyttebæra skal du bruke til dei norske husmannskost rettane du skal lage, som Viestad også gjekk i bresjen for.
Du skal lese meir og du skal sove meir og du skal gjere yoga. Du skal verte eit betre menneske utan å prøve for hardt.
Kanskje innser du at også denne endringa kan bli tvungen og kjip, viss du ikkje passar på.
Smørbukken