«Denne publiseringen var i strid med Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Les uttalelsen fra Pressens Faglige Utvalg her»

For å lage eit nytt politisk parti i Noreg må du gå gatelangs og samle underskrifter frå minst fem tusen menneske.
Mange av dei som prøver på det, får det ikkje til, men no har det offentlege partiregisteret offentleggjort at fire nye parti klarte underskriftsmålet i tide til å bli registrert til stortingsvalet neste haust: Ensomhetspartiet, Generasjonspartiet, Fred og rettferdighet og Partiet DNI.
– Det er sjeldan at nye politiske parti klarer å etablere seg på Stortinget. MDG og Raudt har klart det, men det har tatt tid. Sjølv om dei nye partia kanskje ikkje kjem inn, så kan dei likevel påverke politikken ved å ta røyster frå dei store partia, seier statsvitar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforsking.
Generasjonspartiet
Partileiar: Gyda Oddekalv
Viktigaste sak: Offentleg sløsing og direkte demokrati
Hovudkonkurrentar: Alle partia
Partileiar Gyda Oddekalv er dottera til miljøaktivisten Kurt Oddekalv. Ho fortel at ho byrja å grine då ho las den ferske boka «Landet som ble for rikt» av tidlegare McKinsey-sjef Martin Bech Holte. Det er beint fram rørande, meiner Oddekalv, at Holte torer å avsløre all sløsinga i offentleg sektor.
Generasjonspartiet vil kutte i offentleg sektor og innføre direkte demokrati gjennom ein app.
– Vi ønskjer at folk skal bli friskare og gladare. Vi vil kutte skatt på alle inntekter under 500.000 kroner, og vi vil prøve ut borgarløn. Pengar til det vil vi ta frå Oljefondet. Vi vil også kutte ned på byråkratiet, og bruke kunstig intelligens til å gjere det offentlege meir effektivt. Vi er eit sosialt parti, men har også element som nokre vil tenkje på som høgreside.
Partiet DNI
Partileiar: Owe Ingemann Waltherzøe
Viktigaste sak: Straumpolitikken
Hovudkonkurrentar: Ap, Sp, Frp og INP
Då Owe Ingemann Waltherzøe blei kasta som leiar av Industri- og næringspartiet (INP), skjedde to ting: Industri- og næringspartiet stupte på målingane og Waltherzøe stifta eit nytt parti. Han ville eigentleg kalle det Det norske industriparti, men då varsla INP søksmål.
Så kva står DNI for?
– Vi kan byte litt på. Akkurat no er min favoritt «demokrati, nærheit og inkludering». Vi vil ta kraftprisane av børs. Det vil seie at prisane på straumen skal bli bestemt politisk her i Noreg, og ikkje på den europeiske kraftbørsen. Vi tenkjer at ein pris på kring to til tre gongar produksjonsprisen på tolv øre er ein god pris, seier Waltherzøe.
Fred og rettferdighet
Partileiar: Marielle Leraand
Viktigaste sak: Fred i Ukraina
Hovudkonkurrentar: SV og Raudt
Norske våpenforsyningar til Ukraina overtydde tidlegare Raudt-nestleiar Marielle Leraand om at Noreg treng eit nytt parti. Då Raudt slutta seg til våpenstøtta, meldte Leraand seg ut.
– Vi ønskjer å gje veljarane eit reelt alternativ å røyste på. Raudt, SV og MDG har blitt ein del av Nato-konsensusen på Stortinget. Å ruste opp gjer oss ikkje tryggare. Det vil berre utløyse nye motreaksjonar. For Noregs del betyr den ei særleg militarisering av nordområda. Det gjer oss berre til eit meir sannsynleg mål i ein framtidig krig.
Leraand meiner at ukrainarar flest korkje vil eller bør få våpen frå Vesten.
– Kvifor lyttar ikkje partia på Stortinget til fleirtalet i den ukrainske befolkninga, som ifølgje meiningsmålingar ber om forhandlingar og fred? spør ho.
Ensomhetspartiet
Partileiar: Else Kåss Furuseth
Viktigaste sak: Kampen mot utanforskap
Hovudkonkurrentar: Alle partia
Programleiar og komikar Furuseth legg ikkje skjul på at ho ikkje har greie på politikk. Kronikkar er heller ikkje hennar sterke side, skriv ho på nettsida til partiet, fordi ho ikkje kan touchmetoden. Likevel ligg ho kvar natt og grublar på partiprogrammet. Det viktigaste kravet er at dei andre partia øyremerker 1 milliard kroner til strakstiltak mot einsemd.
– Ensomhetspartiet er ikkje symbolpolitikk, draumen er å få til at dette blir prioritert på budsjetta, seier ho.