21. mai
Fyrir hví Me har fått vår eigen vesle versjon av dei små skapningane frå Astrid Lindgrens magiske univers om Ronja Røverdotter og Birk, dei som går rundt og spør «Vaffor då då?», om du hugsar dei?
Mitt 2 år gamle vesen, med lyst tynt hår og høg og skarp røyst, klatrar opp på kjøkkendisken, opnar skuffer og skap, på jakt etter skattar og spør «hvorfor det?» når ho får beskjed om å gå ned.
Skal me veksa og forstå verda, er spørjeordet eit av dei beste orda i ordboka. Kvifor? Eller som på norrønt: «fyrir hví, hvar fyrir?» Eit adverb som i alle fall for oss journalistar er viktig.
For tida granskar 2-åringen meg stadig vekk frå topp til tå og vil ha svar på kva dei små prikkane på armen min eller ein annan kroppsdel er (føflekkar eller frekner), eller kva små sår eller blåmerke kan vera.
Mange av samtalane våre startar ofte med fyrir hví. Ja, no skal du høyra.
Det er lett å svara på kvifor 2-åringen får stå og balansera på den smale kjøkkenbenken. Men på andre spørsmål kjem eg innimellom til kort og kan ikkje gi gode svar på gode spørsmål, og eg må lira av meg den dårlege frasen om at det berre er slik. Det er ikkje eit godt svar. Men det er hakket betre enn å avsløra manglande kunnskap om små og store mysterium vårt vesle nysgjerrige småtroll vil ha svar på.
Kvifor er det stjerner på himmelen? Kvifor er smøret gult? Kvifor er det kaldt? Kvifor er katten på besøk? Kvifor må eg ta på skoen? Kvifor er det blomar på plenen? Kvifor er det ein edderkopp der? Kvifor regnar det? Kvifor skal me gå? Kvifor må me ha fiskekaker til middag? Kvifor sit du der? Kvifor har du på deg smykke? Kvifor er det fint? Kvifor er den stor? Kvifor kan eg ikkje få tyggis? Kvifor får eg vondt i magen? Kvifor? Hví fyrir?.
Holly