Elizabeth Sellevold har delt denne artikkelen med deg.

Elizabeth har delt denne artikkelen

Bli abonnent
Innvandring

Hussain krev svar frå Støre om somaliarar

Norsk-somaliske Marian Hussein i SV er sjokkert etter å ha høyrt justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) diskutere innvandring frå Somalia.

Tidlegare denne veka skreiv Klassekampen at justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) og stortingsrepresentant for Frp Helge Andre Njåstad krangla om kven som har sloppe inn flest somaliarar til Noreg.

Mehl trekte fram at det berre har kome 128 somaliarar til Noreg under denne regjeringa.

Sjokkert

Stortingsrepresentant for SV Marian Hussain har sjølv bakgrunn frå Somalia og seier at ho vart sjokkert av å lese uttalene til justisministeren.

Opprørt: Marian Hussain (SV). Foto: Hanne Marie Lenth Solbø

– Eg tolkar Mehl som at det er eit problem at eg og min familie bur i dette landet. Er det eit problem at sonen min bur i Noreg? Er det eit problem at brørne mine bur i Noreg? Det lurer eg på når eg ser uttalene frå landets justisminister, seier Hussain.

Justisminister for alle

Hussain vil gjerne ha eit svar frå både justisministeren og statsministeren på korleis dei ser på norsksomaliarar.

– Emilie Enger Mehl er også justisminister for norsksomaliarar, og bør ikkje leggje seg på eit så lågt nivå i innvandringsdebatten.

– Eg vil gjerne at Jonas Gahr Støre tek seg tid til å svare på dette: Stiller han seg bak den måten justisministeren hans pratar på både i Stortinget og til Klassekampen? Er det eit slikt nivå ein legg seg på i hans regjering? Det reflekterer på hans leiarskap viss han tillèt slike uttaler, seier ho.