Ei kjær, norsk juleforteljing vi gjerne skulle sett på kino.

Lys i sorgmørkeret

Magisk jul: Julian (Mudit Gupta) blir som fortrolla av den nostalgisk pynta Villa Kvisten, heimen til den løyndomsfulle Hedvig (Celina Meyer Hovland) i «Snøsøsteren». Foto: Netflix

Norske barnefamiliar omfamna Maja Lundes og Lisa Aisatos «Snøsøsteren» som ein ny juleklassikar då boka kom i 2018. Både barn og vaksne vart gripne av den spanande adventskalenderforteljinga om tiåringen Julian som har mista storesøstera Juni og som må berga både julefeiringa og sin eigen familie frå å gå til grunne i sorg.