Jonas Gahr Støre kan ha overlevd nok ein gong som Ap-sjef, men mektige klubbleiarar i LO er framleis overtydde om at han må gå.

Industri-­Ap ber Støre gå

NOK ER NOK: Klubbleiar ved Aker Verdal, Stian Sagvold (i midten) frå Fellesforbundet, meiner Jonas Gahr Støre bør tre til side. Her frå eit klubbmøte i mars i fjor. Foto: Frida Holsten Gullestad

Det har storma rundt statsminister og arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre dei siste dagane. Både TV 2 og NRK skreiv at ei rekkje anonyme kjelder hadde fortalt dei at det vart jobba med å få han til å trekkje seg.