I Klassekampen 25. november er Susanne Urban oppildna av det ukrainske folkets krigstrøyttheit, noko som no gir seg utslag på gallupar til auka støtte for fredsforhandlingar. At ho har sagt det same sidan Russlands invasjon og opinionen var annsleis, er ein ting, men at innlegget ikkje nemner Russlands aggressive opptrapping av krigen, det er eit svik mot Ukraina.