Andre bok om Karin og Hesten kombinerer omgrepslære og eksistensiell omvelting på kløktig vis.

Ute av syne, inne i sinn

Illustrasjon: Annette Saugestad Helland

I fjor gav Janne-Camilla Lyster og Annette Saugestad Helland ut biletboka «Karin og mørket», om ei lita jente og ein leikehest som filosoferer saman etter leggetid, om mørket og alt som høyrer natta til: himmelen, draumane, stjernene. Heime har vi jamleg lese boka det siste året, men heller enn å prøve å svare på dei mange spørsmåla Hesten stiller Karin («Hvor kommer drømmene fra?»), er det stemninga i boka eg og medlesaren min har kveldsbada i: spelet mellom lys og mørke i illustrasjonane, den melodiske tonen i teksten.