I dag skal Rikslønsnemnda handsama tvisten mellom staten og LO Stat i årets hovudoppgjer. Kampen står om føreseieleg lønsutvikling for alle statstilsette. LO Stat forsvarar dei kollektive verkemidla som sikrar ein relativt samanpressa lønsstruktur med like og rettferdige vilkår for alle. Medlemmane stemte med overveldande fleirtal nei til statens tilbod, og gav tydeleg signal om at me ikkje ønsker auka individualisering.