Ridley Scotts «Gladiatoren» frå 2000 er blant regissørens viktigaste filmar. Ikkje i første rekkje fordi publikumssuksessen fornya ei brei interesse for romersk (og gresk) antikk og skapte ei flodbølgje av filmar, tv-seriar og dataspel om Romarriket, men fordi filmen innleidde perioden der Scott (då 63 no 87 år gammal) har vend seg mot historia for å snakka om og til samtida.
Colosseum ser spektakulær ut, men «Gladiator II» er kitschversjonen av «Gladiatoren».