Dagboka

Avis

Det blir stadig færre uavhengige lokalviser her i landet. Mediekonserna et dei opp. Hardanger Folkeblad, som kjem ut i Odda, vil nok bli ei av dei siste. Redaktør Sigbjørn Linga har dei siste vekene vore i ein polemikk med Nordlys-redaktør Helge Nitteberg på bransjenettstaden Medier 24. Linga vekte mellom anna merksemd ved å skrive at han heller ville jobbe i barnehage enn å selje avisa til Amedia, og det sjølv om han ikkje likar ungar.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?

Dagboka

Skule

Då Einar Førde såg Maridalen i Oslo for første gong, tenkte han: «Her er det fjord og fjell, her vil eg bu.» Og det gjorde han. Maridalen er ei levande landbruksbygd som ligg berre ein løpetur unna sentrum av Oslo. Viss det hadde vore lov å byggje hus der, hadde dalen vore full av folk. I staden er den full av enger, rundballar og traktorar. Og som andre småbygder, så må innbyggjarane stadig kjempe for å halde på grendeskulen sin. I eit nytt forslag frå Utdanningsetaten i Oslo, så er skulen foreslått nedlagd. Slikt skjer rundt om i landet heile tida, og mange trur at det er fordi det er stadig færre som bur i distrikta.

Godt gjort

Det er mange år sidan no. Eg arbeidde i lokalavisa og fekk tips om ein eldre kar som hadde starta hjortejakta med tre treff fyrste dagen. Eg reiste ut og fekk historia av han. Det ekstra spesielle var at jegeren hadde felt alle tre dyra frå kjøkenet, gjennom det opne kjøkenvindauget, mens kona låg i andre etasje og sov. Det blei eit godt hjorte-år i 2024. Aldri før har det blitt skote fleire hjort enn i fjor, då 54.200 hjort blei tatt i jakta. Flest hjort blei skotne i Vestland fylke.

Flytte­fø­ter

Det kokar på bustadmarknaden i Bergen. Ifølge BA må om lag 140 leigebuarar flytte frå tre bygardskompleks i Rotthaugsgaten og Kirkegaten i Sandviken. Selskapet som eig dei, Ragde Eiendom, skal nemleg selje. Dei i alt 150 leigetakarane som bur i dei tre bygardane, har fått to val: Kjøp ut leilegheita eller flytt. I gardane bur det pensjonistar, studentar og barnefamiliar. BA skriv at berre fem til ti leigetakarar vil kunne nytte seg av kjøpstilbodet. Bustadprisane i Bergen har stige mest i landet det siste året, synte tal frå Eiendom Norge i januar.