Har aviseigar Jeff Bezos endra The Washington Posts oppdrag frå vaktbikkje til skjødehund?

På tå rundt Trump

Frikjent: Donald Trump viser ei utgåve av The Washington Post som omhandlar frikjenninga etter riksrettdebatten om han, som gjekk i det amerikanske senatet i 2020. Avisa har aldri tidlegare vist støtte til Trump, men avstod i siste liten frå å stø Kamala Harris i valet neste veke. Foto: Drew Angerer/Getty/AFP/NTB

Fredag 25. oktober – elleve dagar før det avgjerande presidentvalet i USA og på tampen av ein av dei jamnaste valkampane i manns minne – kunngjorde The Washington Post at dei ikkje kjem til å stø nokon kandidatane. Då hadde leiarskribentane alt skrive utkastet til ei planlagt støtteerklæring til Kamala Harris.