Astrid Lindgrens ånd er berre tidvis til stades i animasjonsfilmar av varierande kvalitet.

Jul for dei yngste

Reven og nissen: Ein kan knapt snakka om ei forteljing i dette avsnittet av «Jul med Astrid Lindgren», men visuelt er han nordisk julekort-flott å sjå på. Foto: Selmer Media

Astrid Lindgren og jul høyrer saman. Få har som den store forfattaren levandegjort julebodskapen og nordiske juletradisjonar for barn. Mange vil nok minnast Pippis julestri med rundvask og peparkakebaking og ikkje minst Emils jul i Lønneberget. Forteljinga om Emil som lagar julekalas for dei gamle på fattighuset og gjev den griske fattighusbestyraren «Kommandoran» ein lærepenge ho seint vil gløyma, er Dickens på smålandsk.