2. mai
EU-leik Nyleg var det foreldremøte i barnehagen, og eit tema som me skulle diskutera rundt borda, var risikoleik. Klatring i tre og den typen aktivitetar som barn har gjort i alle år og som mange av oss ønsker barna framleis skal halda på med. Kva tenkte me om det? Rundt bordet vårt applauderte me. La barna klatra i trea.
Samstundes kom det opp spørsmål om kvar klatreløypa på den store leikeplassen var blitt av. Den erfarne barnehagepedagogen kunne fortelja at klatreløypa med tauverk som hadde vore på den store leikeplassen tidlegare, måtte dei ta vekk. Løypa tilfredsstilte ikkje krava frå EU, fortalde han, men det ante meg at han ikkje var heilt einig med EU i at denne løypa kunne medføra fare for barna.
EU skulle ha komme og undersøkt kva tre barna klatra i, og bakken under og kanskje alle småsteinane på bakken – kanskje var treet for skakt og bakken for hard og steinane kunne setta seg fast i halsen? Helst skal det vera gummiheller i pastellfargar å trø på for moderne barn, har eg sett etter mange turar på leikeplassar.
Anne Kari Hinna