Melding

Ekte vare

«Den fantastiske bus» er ein framtidsfabel, ein dødsfabel og ei feiring av fantasien.

Illustrasjon: Frå boka Illustrasjon: Frå boka
Biletbok

Jakob Martin Strid

Den ­fantastiske bus

Biletbok

Gyldendal 2023, 204 sider

Jakob Martin Strid er Danmarks mest folkekjære illustratør og barnebokforfattar, og skapningane hans, som Mustafa, Mimbo Jimbo og lille Madsen – Larsen på norsk – har lenge vore husvarme også i norsk barnebokheim. I fjor gav Strid ut eit fenomen av ei bok: «Den fantastiske bus» veg 2,5 kilo og er ein knapp halvmeter før du slår opp boka og breidda fordoblar seg. Trass i det uhandterlege formatet, og den avskrekkande prisen, blir boka rive ut av hyllene – til no i 75.000 eksemplar.

Sjølv kom eg uforvarande over den i ein leikebutikk på Jylland i sommar, der kundane flokka seg rundt boka. Eg våga ikkje å rekne om prisen til norske kroner, men rygga ut av butikken før eg gjorde noko som ville gå ut over både bagasjen og økonomien min. Hypen har vore formidabel, men då eg nyss fekk «Den fantastiske bus» i hus, forstod eg at boka er ekte vare: ikkje berre årets, men tiårets barnebok – ambisjonane og formatet gir meg lyst til å rope ut at det er ei bok for hundreåret!

Rykta seier at det føregår ein bodkrig på boka i Norge. Prisen for rettane blei nok ikkje mindre etter at Strid fekk Nordisk råds barnelitteraturpris denne veka. Han har vore nominert to gongar før, og alle gode ting er tre: «Med 18.500 hestekrefter kjører ‘Den fantastiske bus’ rett til hjertet på leseren med sin episke fortelling om viktigheten av fantasi og fellesskap», sa juryen. I eit heime hos-intervju vist under prisutdelinga, fortalde Strid om eit mareritt han har hatt under det langvarige arbeidet med boka: Han hadde fått langt, kvitt skjegg då boka omsider var ferdig, og då han gjekk til forlaget med den, var forlaget lagt ned. I eit anna mareritt fanst forlaget, men han fekk beskjed om å gjere boka om til app.

Ingen kunstig intelligens eller digitale teikneverktøy har vore brukt i arbeidet, står det på første side: Alt er teikna for hand, på papir. På neste side står ein dedikasjon til sonen, som ikkje var påtenkt då Strid byrja på boka, men hadde fylt 15 då den kom ut. «Den fantastiske bus» kan med andre ord trygt kallast eit hovudverk, og er eit heilt livsverk i seg sjølv.

Historia handlar om krabaten Taku, som bur i Ahnstarr City, ein lett framtidsforskyvd moderne storby – «SuperFutureMoneyInvest» står det på eit skilt her. Internett har brote saman for godt, og i byen føregår det omfattande rivingsarbeid for å rydde plass til nybygg, noko som råkar husa der Taku og vennane bur. Saman med kompisen Spir, som har ramla i noko radioaktivt slim og blitt grøn i pelsen, vil han hjelpe ein venn frå nabolaget, Timo, som er alvorleg sjuk. For å gjere han frisk må dei finne ein sjeldan blome i eit framandt land langt borte, Balanka. Det sparkar i gang bygginga av den fantastiske bussen, som skal gi husly til dyreflokken som får husa sine rivne og frakte dei til eventyrlandet. Snart byrjar det å lyne og regne «som om det aldrig ville stoppe». Dette er ikkje noko alminneleg regnvêr; dei skrur bussen saman og kjem seg om bord i den moderne arka.

Bussen er hjartet i boka, som er økokritisk, men også fundert på enorm fascinasjon for køyretøy, teknologi og maskiner – og alt som høyrer maskinalderen til. Strid har fortalt at han byrja med bussbygginga, og at boka vaks ut i begge endar: Han måtte finne ein god grunn til å byggje ein så fantastisk buss, og når dei først har gjort det, er dei pukka nøydde til leggje ut på ei eventyrleg reise. Reisa går ut til havet, opp i fjella, over det store Østlige Plateau. Der plukkar dei opp far til Taku, som er lønsslave på ein fabrikk langt ute på høgsletta.

‘Alt, hvad der eksisterer, er dit’ heiter første del. ‘Alt, hvad der ikke eksisterer, er mit’ heiter andre. For vaksenlesaren er det mogleg å lese det som skjer i andre del som ein slags dødsfabel – som ei ferd mot eit anna Nangijala. Timo blir sjukare og svakare, og når han frisknar til, er dei allereie trygt i famn i himmellandet: Er det ei forsoningsferd med døden vi har blitt med på? For barnelesaren ligg ei slik lesing langt unna, og den livsfeirande ferda går uansett vidare mot fantastiske landskap – gjennom nordlys, over Nordpolen, over tundra og slette til Det Sidste Land, som er fylt av krigsruinar og atomkraftverk og styrt av ein diktator som stel bursdagsgåver frå barn.

«Det er eit heilt livsverk.»

I intervjuet sa Strid at han ikkje er så god til å fortelje historier, men at reisemotivet gjorde det lettare for han. Eg kan forstå han, for sjølv om eg og den vesle medlesaren min har likt dei andre bøkene hans, har vi også opplevd dei som litt springande og sprettande. I «Den fantastiske bus» er hendene på rattet heile vegen, og alt er fortald med både solid underlag og sprudlande overskot. Utover i boka akselererer historia og gjer meg spinnvill av barnleg begeistring: Her er det barnet som tek styringa – svingane og sidespora er ville, men tematikken om liv og død held bussen på vegen – og får den etter kvart på vingane.

Bussen flyg nemleg frå Det Sidste Land og krasjlandar i det lova landet Balanka. Der finn dei safranliljene som lækjer Timo, og som spreier seg utover jorda, heilt til Ahnstarr City, med heilande effekt. Avslutninga får meg til å tenkje at ein av barnelitteraturens viktigaste verknadar, er å vekkje håp.

Den siste sida peikar mot eit mogleg problem, når to av dei vaksne karakterane rullar seg ein rev: «Hit med den! Åh, gud, jeg har ikke slappet af i 25 år». Då tenkjer eg ikkje på det vrine ved å vise dette til barn – dei er openlyst meir laussleppte med slikt i Danmark – men på at det går over hovudet på barnet, rett til den vaksne.

På fleire vis er det ei ganske vaksen bok, med ingeniørkunst, modernitetsmas og tydelege hippietendensar. Men det er òg ei bok ein kan vekse med. Medlesaren min er fire og eit halvt, og altfor liten og meir enn stor nok på same tid. I dette spennet skjer det mykje medan vi les: No er vi på fjerde runde, og han frydar seg over ting som først var uforståelege. Etter min forstand strekkjer målgruppa seg heilt frå fireårsalderen og opp i tenåra – og vidare langt forbi.

Formatet på boka tvingar også den vaksne lesaren til å finne barnlege lesestillingar. Det er eit godt utgangspunkt for samforstand. Ein kan fortape seg i timevis i detaljar, og referanserikdomen, som ikkje er ekskluderande, ligg både under teksten og midt i glaninga: Ein liten Totoro frå Hayao Miyazakis univers på ei hylle her; ein R2D2 frå Star Wars der.

Eg skal ikkje nekte for at praktbokformatet kan vere upraktisk i kvardagen, og at boka lett kan få seg nokre skrammer. Men skitt au, kjøp to, same kva kronekursen skrik mot deg frå handlekorga. Denne boka kan de lese så mange gongar, og på så mange måtar, at den uansett vil gå opp i liminga – og inn i barnebokhistoria.