Torsdag 31. oktober fyller Eskil Vogt 50 år. Det er ingen alder for ein internasjonal filmskapar, men Vogt har alt ei uvanleg lang og imponerande merittliste. At han er eit talent norsk film sjeldan har sett, vart stadfesta alt i 2007 då han saman med Joachim Trier vart tildelt Aamot-statuetten for deira felles debutlangfilm «Reprise» (2006).
Få norske filmskaparar har oppnådd meir enn Eskil Vogt før fylte 50 år.