Raudt
Raude varselljos
Ikkje so få misnøgde arbeidarpartifolk leikar med Raudt-tanken. Det er partifolk som ynskjer at Arbeidarpartiet skal ta steg vekk frå marknadsliberalismen; som er frustrerte over at partileiinga og «sersjantnivået» ikkje viser teikn til å gjera dette; som ynskjer sterkare medvit om at Arbeidarpartiet er eit sosialdemokratisk parti, med alt det burde innebera. Det er partikameratar som meiner Raudt-folk som Mímir Kristjánsson, til dels òg Bjørnar Moxnes vel so mykje som eigne partifelagar stend for den politikken som burde vera Arbeidarpartiet sin.
Eg skjønar dei, til dels godt. Likevel bør det raude varselljoset blenke. Ikkje so mykje av di Raudt spring ut av den gamle, antidemokratiske ml-rørsla – marxist-leninistane. Meir av di det i Raudt finnast sterke krefter som openbert ynskjer å revitalisere slike krefter.
Eg har ein appell til alle som hyser slike tankar: Vinn Sofia Rana nominasjonskampen mot Bjørnar Moxnes i Oslo er det ikkje lenger berre eit varselljos som blenker.
Ragnar Frimann Nordgreen