Elbil

I september var 96 prosent av alle nye bilar selde i Noreg elbilar. Frp-leiar Sylvi Listhaug gjorde eit stort poeng ut av det då ho kvitta seg med elbilen sin. «Jeg er en av dem som har prøvd elbil, men jeg orket ikke mer», sa ho til Finansavisen. Også Trygve Slagsvold Vedum har gjort eit poeng ut av at ikkje alle kan køyre elbil. Det ser jo faktisk ut til at nesten alle kan det, og snart gjer dei det.

Dagboka