Sjokk! Det var kjedeleg å sitje ved pulten

Illustrasjon: Knut Løvås

Vi har alle opplevd det. Triste skuletimar bak pulten, samstundes som sola skein ute. Er det verkeleg sånn at vi skal fortsetje å sende førsteklassingane våre inn i ein kvardag som er så lite barnevennleg? Sidan seksårsreforma vart innført i 1997, har skulen for dei yngste blitt prega av meir teori og mindre leik. Førsteklassingane møter høgare krav til fagleg prestasjon, mindre tid til leik og eit aukande fokus på testing. For mange born, spesielt gutar, betyr dette ein tøff start på skulen. Vi må vurdera kva vi eigentleg ønskjer for våre små, nye skuleelevar.

Debatt