50 år etter er «25. septemberplassen» framleis ein politisk handlingsroman av beste sort.

Sosialisme i praksis

PROFIL: Dag Solstad fotografert ei tid før folkerøystinga om norsk EU-medlemskap var avgjort i 1972, og to år før romanen om folkerøystinga, «25. septemberplassen», kom ut. FOTO: STIG NÆSS, VG/NTB

Eit stykke ut i Tomas Espedals «Lyst (En forfatters selvbiografi» (2022) er det ei fornøyeleg scene der ein lærar, som kanskje, kanskje ikkje var marxist, ber elevane stemme over kva roman dei skal setje på pensum det året. Han lèt valet stå mellom Tarjei Vesaas’ «Fuglane» og Dag Solstads «25. septemberplassen», og «i overveldende flertall» vel elevane «Fuglane». Då seier læraren: «De fleste av dere kommer tydeligvis før eller senere til å lese Fuglane av Tarjei Vesaas, derfor er det bestemt at dere nå skal lese 25. septemberplassen av Dag Solstad».

Bokmagasinet