Høgre 20. mars
Høgrelandsmøte i krigens teikn Ja, det varsla leiaren deira i kveldsnyhenda her ein kveld. For no måtte alt leggjast om for å førebu økonomien og landet på ein mogleg krigssituasjon.
Må det leggjast om til krigsøkonomi? spurde intervjuaren forundra.
Nei, kom det lett forfjamsa frå Høgreleiaren, vi må berre legge om for å forberede oss, var det klargjerande svaret han fekk.
Og eg kom i hug eit intervju i bil med denne leiaren, om den tynt-tenkjande boka ho fekk gjeve ut for nokre år sidan, der det kunne tyda på at ho sjølv også sansa kor tynt dette vart, for på slutten kasta ho fram: «Og så tror jeg det blir en storkrig i framtiden. Ja, ikke her i Europa altså, men i Asia!»
Med slik kunnskap og analyseevne, blir det eit spanande Høgrelandsmøte, med mogleg reprise av høgreleiaren si oppfordring til Unge Høgre sitt landsmøte nyleg om terrorkrigen til Israel: «Og så må vi ikke glemme at det er Hamas sin skyld alt dette som skjer nå»?
Kan eg få lov å vera så frimodig å føreslå eit leiarskifte i Høgre, til ein tenkjande person med initialar TRI, om han no kan tenkja seg basket med å få den grunnstøytte høgreskuta flott frå alle bortsnakka skjer leiarkursen har ført henne på dei siste tolv åra, og etter den siste Uriasjobben han sjølv hadde med å rydda opp etter Nav-skandalen, medan ansvarlege for heile skandalen blei forfremja.
Jarle Tufta