Aleksander Åsnes 20. sep.
Oslo 88 prosent av folk her i landet bur utanfor Oslo, men likevel er det nokre trekk som er ganske særeigne ved Oslo som legg premissane for den politiske diskusjonen. Til dømes er det mykje snakk om at det er vanskeleg for unge folk å kjøpe seg bustad, men realiteten er at det er ganske lett for dei fleste. Det er vanskeleg for det vesle mindretalet som bur i Oslo, og eg mistenkjer at det er det som ligg bak når fleire ungdomsparti på venstresida ser på BSU-ordninga som eit slags overklassefenomen for dei elitane som har råd til å kjøpe seg bustad.
I mange utkantstrok er det populært å irritere seg over Oslo, men eg meiner at det er liten grunn til å gjere det. For det første er Oslo ein vakker og spennande by, og for det andre er Noreg eit land der distrikta har mykje meir politisk makt enn storbyane.
Nokre folk i distrikta trur at det er på Vestlandet og i Nord-Noreg vi skaper verdiar her i landet, og at Oslo berre er ein gjeng med byråkratar som stikk av med pengane med som andre skaper. Det er berre tull. Det blir skapt meir verdiar per innbyggjar i Oslo enn på Sunnmøre, og folk på Sunnmøre stikk av med meir av skattepengane enn det oslofolk gjer.
Eg er likevel ein sterk tilhengjar av ein radikal distriktspolitikk.