Rike

Både Kjell Inge Røkke og Petter Stordalen har i årevis hinta om at dei røystar på Arbeidarpartiet, men dei siste åra har kan ein få inntrykk av at begge to har fått eit anstrengt forhold til partiet. Røkke var jo den som byrja flyttestraumen til Sveits, og Stordalen har ved ei rekkje høve kritisert formuesskatten til regjeringa. Den ferske topp 400-lista til Kapital syner at nesten halvparten av formuen til landets milliardærar no er i utlandet, og det må vel vere ei stund sidan Arbeidarpartiet har vore så upopulære blant dei rikaste. Blant landets milliardærar kjem eg no berre på Trond Mohn som ein uttalt støttespelar til Støre og Arbeidarpartiet.

Dagboka