Det er hektiske ettermiddager hjemme for tiden. Epler bugner, og vi forbereder vinteren.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn
Det er hektiske ettermiddager hjemme for tiden. Epler bugner, og vi forbereder vinteren.
Allerede abonnent? Logg inn
Sjølv om kulda bit i fingrane på kontoret, der varmen ikkje kjem opp på eit anstendig nivå, klarer eg ikkje la vera å begeistra meg over den kalde fine tida. Hei, folkens! Endeleg kom vinteren til denne byen som aldri har fire dagar samanhengande med kulde, før mildvêret kjem og bløytlegg gatene. Kan ein bli lykkelegare enn ein kveld på ski, etter ein lang dag på eit iskaldt kontor, under stjernehimmelen når snøen ligg kvit på trea, og ein held seg varm på tærne inne i dei nye skiskoa, og dei nye hanskane held fingrane varme? På ein kvardag på nyåret, der hjula skal komma i gang att etter ferien, er dette bortimot det næraste ein kjem ein perfekt tysdag kveld. Då får det heller våga seg at ein skulle gjort jobben med å maka sokkar og rydda gongen og ta unna kjøkkenet. Den jobben ein skulle hatt ein husassistent til. Lykkelegare blir ein av å få på seg to ulike ullsokkar og komma seg ut på ski ein iskald vinterkveld. Kor lenge varar det? Denne kalde fine tida kjem snart til å ta slutt. Får me ei veke til? For sjølv om eg tenker at det skal vara til våren kjem, lar eg meg ikkje lura.
HollyGradestokken kryp nedover, mens eg jakter ullsokkar, ullsoler og dunjakker. Å berre komma seg ut døra er på denne tida av året ein stor jobb, som startar med stillongsar og ullundertrøyer, før kjeledressar blir trekt over lite samarbeidsvillige små bein. Fleire i hushaldninga kjenner sjølvsagt ikkje sitt eige beste og leverer inn sterke protestar både mot ullsokkar og varme vintersko. Først ute i kulda kjem samtykket til mors krav om ull. Nyåret kom med eit kvitt vintertrekk over byen som vanlegvis er fuktig, våt og mørk på denne tida. Eg lærde at ein ullsokk ikkje er ein ullsokk. På lappen inne i sokken står det: Ull er 41 prosent acrylic, 11 prosent polyester og 4 polyamide. Gjennom takvindauget kjem måneskinet inn. Den er på veg ned no, var full på laurdag.
HollyHeilt sidan i sommar hadde eg gått og kikka på eit lite grantre som stod for seg sjølv i vegkanten. Det var kanskje 130 centimeter høgt, tett og fint, men litt skakt, og greinene var ikkje fullt utvaksne på den eine sida, der dei hadde møtt på autovernet. Nokre veker før jul bestemte eg meg for at det skulle bli juletreet vårt. Med sekken full av pågangsmot tok eg saga med meg ei helg då regnet ausa med og gjekk laus på treet. 6-åringen stod spent i vegkanten og såg at treet la seg. (La meg legga til at det dette var langt ute på bygda. Det var ein slektning som eigde treet, som eg hadde fått lov til å ta.
Holly