Dagboka

Gutta

Omsorg for dei sokalla «gutta» breier om seg, men det same gjer bruken av denne austnorske dialektforma for «gutt» i bestemt form fleirtal. I bokmålsordboka er den einaste tillate forma «guttene», men det er ikkje måte på kor mange som likevel likar å seie «gutta». At dialektomgrep skil seg frå ordboka er jo ikkje så uvanleg, men eg tykkjer det er litt påfallande kor populært dette omgrepet har vorte i den politiske debatten. Eg har til og med høyrt bergensarar seie det, altså folk som bør vere veldig framande for å bruke «gutta». Eg ville aldri ha sagt «gutane», og eg ser eigentleg litt ned på alle som ikkje er austlendingar, men som likevel brukar det.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Dagboka

Bill

I 2001 skulle Bill Clinton komme til Trondheim. Den tidligere presidenten skulle holde foredrag for International Student Festival in Trondheim (Isfit). Det gikk dessverre ikke, men tunge krefter var i sving. Adresseavisen skrev at «møtesjef» Pål Dale fikk hjelp med å hanke inn Clinton «fra store gutter som Kjell Magne Bondevik, Knut Vollebæk og Thorbjørn Jagland». Utenriksminister Vollebæk «ringte nesten annenhver dag», sa Dale. Bondevik skrev et personlig brev og Jagland skrev faks. «Sparebank 1 Midt-Norge skulle dekke utgiftene, ordføreren tente på alle plugger, politiet var begynt å tenke på sikkerheten – byen var i beredskap» fortalte festivalsjef Marte Lerberg Kopstad til Adresseavisen.

Tapt seg

Forfattar Tomas Espedal meiner at Bergen har tapt seg, og at det no er vanskeleg å bu der. Om det siste stemmer, veit eg ikkje. Men at byen har mista noko, trur eg. Eg er i det heile sympatisk innstilt til tanken om at ting tapar seg. Det meste i verda gjer det. Det meste som skil seg ut, vil før eller sidan miste fortryllinga si og gli inn i den same forflatinga som alt anna. Eg er halvt bergensar og halvt sunnfjording.

Ungarn

Viktor Orbán er avløyst av Péter Magyar, og mange i Europa er letta over det. Rett nok har dei to konservative politikarane mykje til felles, men Magyar ser ut til å ha eit meir demokratisk sinnelag. Det hadde jo Orbán også ein gong. Lenge budde ungararane ein heilt annan stad enn i Ungarn. I år 895 kryssa magyarane dei høge fjella Karpatane, og dei greidde raskt å ta slettelandet vi i dag kallar Ungarn. I år 1000 skipa dei kongedømet Ungarn, som faktisk varte i ulike former nesten heilt til kommunistane tok over 948 år seinare. Den påtroppande statsministeren heiter altså det same som stammane som etablerte Ungarn.