21. aug.
Vinglepetter Eg finn ikkje artikkelen igjen, men eg meiner å hugse at eg så ein eller annan meine noko om at det å vere ein vinglepetter har blitt eit samfunnsproblem. Noko i den duren.
Eg kjende meg uansett treft. Eg er ein vinglepetter, og det har eg vel alltid vore. Når det kjem til små ting, som kva eg skal velje av snacks i butikken, kan eg bruke overmåteleg lang tid, noko som kan bli eit temmeleg stort tidssluk og at det endelege valet får altfor stor meining. Dersom eg, etter endeleg å ha betalt for noko, kjenner at nei, dette var ikkje rett val, kan kjensla av nederlag vere tyngande.
Når det kjem til store ting, som kva eg skal gjere med livet mitt, utartar det seg noko annleis, men også litt (faretruande) likt. Her sjanglar eg mellom det eine og det andre i ein evig dirrande tilstand, som om eg faktisk var ein bøye på havet.
Smørbukken