KrF

KrF har tradisjonelt vore eit av dei store medlemspartia i norsk politikk. Så seint som i 2008 hadde partiet nærare 35.000 medlemmar, noko som til dømes er mykje meir enn storebror Høgre. Går ein lenger attende i tid, var medlemstalet endå høgare, og partiet hadde aktive lokallag i kvar krik og krok av kjerneområdet. Og kjerneområdet var dei stadene på Vestlandet og Sørlandet der også lekmannsrørsla og bedehusa stod sterkt.

Dagboka