Han må ha forstått at han aldri kunne gjera opp for seg.

Mørk materie

Illustrasjon: Knut Løvås

No i sommar har det gått ei framhaldssoge i Stavanger Aftenblad om ein pen og pynteleg advokat som døydde for eiga hand i juni. Han lét etter seg kone og tre døtrer, hundre og fjorten kreditorar og tre kvart milliard kroner i gjeld. Svært mange av kreditorane var folk som trudde han visste kva han snakka om når han sa at dersom han fekk ta hand om sparepengane deira, skulle han låna dei ut til opp mot femten prosent i rente. Men det fanst ingen låntakarar, og den samla verdien av alt det han kjøpte seg av kunst, luksusbilar og herskaplege fritidsbustader, var berre ein brøkdel av dei pengane han skulda. Tre kvart milliard kroner har forsvunne ned i eit hol som berre blir djupare dess meir Aftenbladet grev i det.

Solveigs salt