Silje Natvik har delt denne artikkelen med deg.

Silje Natvik har delt denne artikkelen

Bli abonnent
Dagboka

Brød

I Førde vert det no lagt ark på frontrutene til folk dei blir oppmoda om å boikotte alle butikkane til Coop, og folkeaksjonen ser ut til å spreie seg og få stor oppslutnad.

Matvarekjeda Coop har kutta avtalen med den lokale brødprodusenten Naustdal dampbakeri, for å heller satse på sitt eige, nye sentralbakeri der dei vil masseprodusere brøda sine sjølv. Det same skjer fleire andre stader, og det er ein del av ein trend der matvarekjedene satsar meir og meir på å lage sine eigne produkt.

Naustdal dampbakeri vart starta av Ole Berntsen i 1888, og i dag er det oldebarnet hans Martin Berntsen som driv det. Dei har 130 tilsette, og driv fleire kafear i både Førde og Florø i tillegg til brødbaksten. Leiinga i bakeriet har sagt at dei må seie opp ganske mange på grunn av tiltaket frå Coop, og lokalbefolkninga ser ikkje ut til å akseptere det.

Det er vanskeleg å sjå for seg ein effektiv boikottkampanje i Oslo viss Coop hadde slutta å selje osloprodukt som Ringnes eller Freia, så saka syner kor mykje meir kraft som ligg i eit samfunn som er litt mindre.

Den syner også kor vanskeleg det byrjar å bli å skilje dei gamle samvirkelaga i Coop frå konsern som Norgesgruppen og Reitan. Coop er framleis utan kapitalistiske eigarar, men dei demokratiske strukturane i samvirket er så utarma at lokalbefolkninga har lite dei skulle ha sagt.

Lyst å lese mer fra Klassekampen?

Bli abonnent

Du kan lett registrere deg med

Dagboka

Hårholdt

Popstjerna Sabrina Carpenter lanserte nylig sitt nye album «Man’s Best Friend». Albumcoveret viser Carpenter sittende på kne ved siden av en dresskledd mann, som holder håret hennes i en knyttneve. Det har provosert mange. Bildet, «i kombinasjon med en tittel som referer til menneskets beste venn (en hund) bidrar av åpenbare grunner til å gi coveret en kvinnefiendtlig dimensjon», skrev en debattant i VG. Andre mener coveret er åpenbar satire – en ironisering over Carpenters uheldige tendens til å falle for drittsekker. Det er noe rart ved debatten uansett – som om vi kan argumentere oss fram til et nytt image for den blonde sminkedokka med strømpebånd. Carpenter er jo et produkt. «Det er alltid så morsomt når folk klager.

Sløsing

Eg tykkjer Sløseriombudsmannen er ei nyttig side å følgje med på, for då får eg stadfesta inntrykket eg har av at sløsing i offentleg sektor ikkje er eit så stort problem som nokre skal ha det til. Eg vil heller leve i eit samfunn der sykkelvegar vert bygd, offentleg eigde trehus vert pussa opp og kommunale kinoar er i drift, enn den kalde og sterile verda ombudsmannen ynskjer seg. Særleg er han kritisk til at kunstnarar med offentleg støtte gjer så mykje rart. Eg tykkjer eigentleg og at det verkar som at dei gjer mykje rart, men også mykje bra. Og slik må det vel vere? Eg veit ikkje om Sløseriombudsmannen ynskjer seg kraftige reduksjonar i løyvingane til kunstnarar, eller at dei ikkje skal få lov til å skape kunstverk som han tykkjer ser rare ut. Uansett er eg nok usamd. No er norsk film inne i det filmkritikar Lars Ole Kristiansen kallar den fyrste og einaste gullalder. I Dagens Næringsliv er det fleire som tek til orde for at den gledelege utviklinga som no skjer innanfor filmbransjen, er ein konsekvens av dei rause løyvingane som skjedde då Trond Giske var kulturminister.

Varslere

Staten tapte i både tingretten og lagmannsretten. I dag skal staten argumentere i Høyesterett for at de 13 unge Fosen-aksjonistene må straffes for at de protesterte fredelig og ikke ville flytte seg fra lobbyen til Energidepartementet i februar 2023. I de to første rettsinstansene mente flertallet at aksjonistenes handling var innenfor norsk og internasjonalt regelverk for ytringsfrihet og forsamlingsfrihet. I Høyesterett krever staten at hver av de tiltalte skal få 6000 kroner i bot. Deres forsvarer krever full frifinnelse. Hva denne omfattende rettsprosessen har kostet, er hittil ikke kjent Aili Keskitalo var i flere perioder president i Sametinget og er nå rådgiver for Amnesty internasjonal. Hun mener norske myndigheter heller burde reparere de brudd på menneskerettigheter som Fosen-saken avdekket, enn å straffe dem som varslet om bruddene. Aksjonistene tok seg inn i departementsbygget og fikk stor medieoppmerksomhet, nettopp for å påpeke at det nå var over 500 dager uten at noe hadde skjedd siden Høyesterett slo fast at vindmøllene på Fosen brøt med menneskerettighetene og ikke var i samsvar med urfolks rett til kulturutøvelse. Like etter at ungdommene ble slept ut av politiet og fikk berøvet sin frihet, gikk regjeringen ut og beklaget sin saksbehandling om Fosen-vindmøllene, og det ble lovet økonomisk erstatning. En permanent løsning for reindrifta i vindmølleland venter man ennå på.