17. okt.
Bak mål I dokumentet «Grøn bok», la regjeringa nyleg fram status for om Noreg kjem til å nå klimamål, som er sett for 2030.
Klokka går fort, og det sørgelege svaret er at truleg vil me ikkje nå målet. Anslaget viser, ifølge den grøne boka, at Noreg vil ha utslepp på 11,1 tonn CO2 meir enn forpliktingane opnar for i perioden 2021–2030. Dette er 2,7 tonn betre enn i fjor. At framskrivingane er lågare enn i fjor, skuldast mellom anna at ein no trur på ei raskare teknologiutvikling for tunge køyretøy, som vil fjerna meir CO2 frå rekneskapen enn ein tidlegare trudde. I tillegg bidrar ei metodeendring for å berekna metanutslepp frå sau til at det ser betre ut enn i fjor, ifølge dokumentet.
I lang tid har ein viktig norsk strategi for å nå klimaforpliktingane, vore å kjøpa såkalla klimakvotar for andre EU- og EØS-land. For ein rik stat kan det høyrast ut som ein behageleg måte å komma i mål med eigne klimamål på.
Anne Kari Hinna