25. okt.
Ein knekk i kvardagen Det er mykje ein kan angre på frå barndomen, som å skyte småfugl med luftgevær, sprenge postkasser med Tigerskott, ringe på hos demente eldre og stikke av, gnikke med isopor på vindauga til grisebøndene i bygda og kople frå bremsane på syklane til lærarane på skulen, men det er òg nokre kjeltringaktige tradisjonar som er i ferd med å gjere comeback i heimen.
Eg rakk aldri å konfrontere mi daude mor med dette, men da det skjedde, var eg sikker på at ingen la merke til meg. Det er det ikkje no heller, mest fordi eg bur åleine.
Støtt og stadig går eg nemleg rundt og et rå spagetti. Fyrst tek eg tok to stykk spagetti. Deretter plasserer eg dei under langfingeren, men over ringfingeren og peikefingeren. Så pressar eg forsiktig, litt til, og til slutt seier det *knekk*. Som oftast startar eg å gnafse på dei etter det, men om eg skal vere ekstra vill, plasserer eg dei to halve spagettiane på nytt under langfingeren, men over ringfingeren og peikefingeren.
Kvarg Nikolai Svartaasen