Svar til Naper

I innlegget mitt i avisa 25. juli stiller eg sentralstyremedlem i SV, Ådne Naper, to konkrete spørsmål. I svarinnlegget 26. juli unngår Naper å svara på desse spørsmåla. Svaret hans tek ikkje bort tvilen han har sådd om kvar SV står i EU-spørsmålet. Diskusjonar er bra, det treng me, og det eg etterlyser svar på er om SV har endra ståstad i forhold til den marknadsliberalistiske europeiske unionen. Naper argumenterer, slik unionistane gjer, for at EU har betre løysingar, han nemner klimaspørsmålet. Indirekte er dette og ei nedvurdering av norske politikarar si handlekraft.

Debatt