Dagboka

Telavåg

Ein bergensk politimann brukte ein solfylt vårdag i 1942 til å gå seg ein ut til Telavåg på Sotra. Samtidig undersøkte han tipset om at det var nokon som hadde radio der ute. Det var ikkje lov. På vegen ut blei han tatt for å vere englandsfarar av ein mann som rodde han over eit sund. Politimannen fekk beskjed om å oppsøke Laurits Telle, som kunne organisere ferda. Politimannen spelte med og avtalte med Telle å komme tilbake for avreise to dagar seinare.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?

Dagboka

Eurovision

I min familie har vi alltid sett på Eurovision. Bobbysocks’ seier sitter for alltid brent fast i mitt barnesinn. Siden da har Eurovision betydd fest, nerding, kommentering og samling for familien. Nå har mine barn sine egne sterke minner og meninger og konkurrerer med Marte Stokstad i å komme med slagkraftige replikker fra sofakroken. At vi er en politisk interessert familie, har ikke gjort Eurovision mindre interessant. Politikken har alltid vært der mellom linjene i konkurransen.

Samnorsk

Sylfest Lomheim skriv i Klassekampen at nynorsken kjem til å døy ut og verte erstatta av samnorsk. Han trekkjer fram eit tilfeldig lesarinnlegg frå Klassekampen skriven på radikalt bokmål og syner fram kor nære bokmål og nynorsk kan stå kvarandre. Ja vel, men han unnlèt å nemne at slik bokmål var mykje meir populært i desse spaltene for femti år sidan. No er det jo nesten ingen som skriv slik, så korleis kan det peike i retning av samnorsk i framtida? Nynorsken, derimot, nærmar seg diverre bokmålet. Eg er lært opp til å sky nedertyske ordrøter som pesten og til at det alltid er finare å verte enn å bli. No skriv Jon Fosse-festivalen om å «gi», og Vestland fylkeskommune har innført forbod mot å nytte a-infinitiv. Denne moderate språkbruken vert vår undergang.

Bunad

Det går føre seg ein diskusjon om bunaden for tida, slik det ofte gjer i desse tider. Skal Sandra Lyng få lov til å selje bunadsskjorter i mange ulike fargar, og skal folk som ikkje er frå Telemark få lov til å gå med telemarksbunad? Nokre av dei strengaste og sterkaste meiningane så langt kjem frå Vestkanten i Oslo og frå representantar for Unge Høgre og Frp. Bunaden har sitt utspring i den radikale norskdomsrørsla på byrjinga av nittenhundretalet, og Hulda Garborg var den fremste einskildpersonen. Dette var ei venstrevridd rørsle som såg det nasjonale som eit frigjeringsprosjekt. Gjennom eigarskap til sin nasjonale kultur kunne folk fri seg frå undertrykkjande overmakter, og gjennom det nasjonale prosjektet kunne vi skape ein nasjonalstat, som var føresetnaden for demokratiet. Difor finst det ein positiv, inkluderande og venstrevridd nasjonalisme i Noreg, slik det også gjer i Irland, Palestina, Kurdistan og Catalonia. I dag tykkjer vel berre folk at bunad er fint, og det har vorte ein innarbeida tradisjon. Det som vert kalla for bunadspolitiet, er visst veldig opptekne av at folk ikkje skal nytte solbriller medan dei har på seg bunad.