Ukraina 15. jan.
Yr.no og krigen i Ukraina Forfattaren Andrej Kurkov og familien i Ukraina kunne gle seg over elektrisitet to ekstra timar i overgangen til det nye året. Men første del av januar blei innleia med massive angrep mot Ukraina, der ikkje minst ytterlegare øydelegging av energiforsyning er målet. Medan eg skriv dette, etter nok ei natt med missilregn, er 70 prosent av Kyiv utan elektrisitet. I desse dagar må ein lese vêrmeldingane for Kyiv på yr.no for verkeleg å forstå konsekvensane av Russlands eskalerande krig. Yr melder om nattetemperaturar framover ned mot minus 23.
Natt til 9. januar, dagen før Klassekampen hadde eit stort intervju med Fjodor Lukjanov, som har æra av årleg å intervjua Putin på hans Valdai-konferanse, fyrte av Russland sitt nye hypersoniske Oresjnik-missil heilt mot grensa til Polen, så nært at det er ein trussel mot europeisk sikkerheit, ifølge Ukrainas utanriksminister Sybiha.
Gro Byrkjeland