Aleksander Åsnes har delt denne artikkelen med deg.

Aleksander har delt denne artikkelen

Bli abonnent
Dagboka

Rask

Lenge trudde folk at det var fysisk umogleg for eit menneske å springe ei engelsk mil (1609 meter) på mindre enn fire minutt. I 1954 klarte den engelske idrettsutøvaren Roger Bannister endeleg det då han sprang på 3 minutt og 59 sekund. Ni år seinare sprang Einar Førde ein 1500-meter på 3 minutt og 50 sekund og tok sølv i NM i friidrett. Det er litt meir enn hundre meter kortare enn ein engelsk mil, og Førde hadde eit litt lågare tempo enn Bannister. Han var likevel berre eit sekund frå å ha den hastigheita du treng for å springe ei engelsk mil under fire minutt, og det syner vel kor raskt utviklinga friidretten gjekk på den tida at han likevel berre tok sølv.

Einar Førde må vel med god margin vere den sprekaste politikaren vi har hatt i Noreg, men ei sikker kjelde har sagt til Klassekampen at Jonas Gahr Støre har sprunge eit halvmaraton på ein time og 36 minutt. Kjelda er Jonas Gahr Støre sjølv. Det er veldig bra, men er likevel på eit mosjonistnivå. Einar Førde kunne jo truleg ha satsa på å blitt profesjonell idrettsutøvar om han hadde ønska det.

Førde sprang for vestkantklubben Tjalve, som er arrangøren av verdas største løpsarrangement, Holmenkollstafetten. På spørsmål om kvifor han ikkje heller sprang for den legendariske klubben Idrottslaget i Bondeungdomslaget i Oslo (IL i BUL), skal Førde ha svart at nynorskfolk og bygdefolk såg han allereie meir enn nok av.

Lyst å lese mer fra Klassekampen?

Bli abonnent

Du kan enkelt registrere deg med

Dagboka

Spytech

Spytech-firmaet Palantir og deres ansatte leverer ikke bare militærteknologi, (såkalt) forebyggende politiarbeid og masseovervåking. Selskapet har også klart å sette de lange klørne sine dypt inn i det offentlige britiske helsevesenet, NHS. Samarbeidet mellom NHS og Palantir har pågått i flere år, og på tampen av fjoråret inngikk de en kontrakt verdt 240 millioner pund. Ifølge avtalen skal Palantir levere «dataanalysekapabiliteter for strategiske og taktiske beslutningsprosesser i sanntid». Eller masseovervåking av britenes helsedata, om du vil. Det britiske legeforbundet, samt en rekke jurister og menneskerettighetsaktivister har protestert heftig mot kontrakten. Mange peker på at den legger til rette for myndighetsmisbruk og ulovlig overvåking, og frykter amerikanske tilstander. I USA har nemlig ICE brukt Palantir til å kople immigrasjons- og helsedata til å spore opp enkeltpersoner og deportere dem.

Omkom

Mens dei fleste av oss hadde fri langfredag, var arbeidarar på jobb på det store verftsområdet på Stord. Ein av dei som var på jobb på langfredag, omkom. Han jobba med å riva gamle offshoreinstallasjonar. Mannen var i 40-åra frå Litauen, og arbeidde hos ein av underleverandørane til Aker Solutions. Han hadde jobba i selskapet sidan 2019. Arbeidstilsynet og politiet jobbar framleis med å granska kva som forårsaka ulykka.

Mot nord

Interessen for Arktis øker, og mange ønsker å delta i mulighetene som åpner seg i nord når isen rundt Nordpolen smelter. Også oppslutningen rundt Svalbardtraktaten øker. Siste nye medlem er De forente arabiske emirater som denne uka har undertegnet traktaten og blitt traktatland nummer 49. Landene som er enige i traktaten, utgjør nå nær en firedel av alle verdens land, blant dem både Nord-Korea, Venezuela, Østerrike, Sør-Afrika, Russland, Kina og India. Emiratenes assisterende minister for energi og bærekraft, Abdulla Balalaa, fortalte i går til flere internasjonale medier at de ønsker å bidra i forskningsprosjekter i Arktis. Svalbardtraktaten kom i 1920, som et resultat av fredskonferansen etter første verdenskrig. Svalbard var til da ingenmannsland.