Helge Danielsen har delt denne artikkelen med deg.

Helge Danielsen har delt denne artikkelen

Bli abonnent

Styreleiar i Norsk Toppfotball, Cato Haug, ville gjort ting annleis viss han skulle innføre videodømming på nytt. No skal supporterane med.

Tar VAR-sjekk

Optimist: Styreleiar Cato Haug i Norsk Toppfotball synest at videodømming fungerer i dag, men han trur vi kan eliminere ventetida på dommaravgjerder i framtida når teknologien blir betre.

– Førre helg stoppa dommaren eliteseriekampen mellom Rosenborg og Lillestrøm fordi supporterane kasta fiskekaker og andre ting på bana i protest mot VAR. Har NFF og NTF noko ansvar for at vi hamna i denne situasjonen?

– Ja, det må vi ta ein del av ansvaret for. Dei som kasta, får ta ansvaret for det dei kasta, men at vi har komme i situasjonen, det må både NFF og NTF ta ansvar for. Når vi ser i bakspegelen, så har ikkje vi gjort ting godt nok i den prosessen. Vi ville heilt sikkert gjort ting annleis viss vi kunne gjort det om igjen.

– Dei som protesterer, meiner at innføringa av VAR ikkje var ein demokratisk prosess. Er du ueinig i det?

– Ueinig er eit sterkt uttrykk, men eg er i alle fall ikkje heilt einig. Veldig kort, så var det ein prosess med strategidokumentet som blei vedteke av forbundstinget i 2020. Der stod det eksplisitt at ein ønskte å innføre VAR i perioden. Når strategien er vedteke, så er det per definisjon vedteke. Så kan ein diskutere om det er godt nok demokrati, om folk skjønner og så vidare, men sånn er det no, og sånn har det vore i all tid.

– Det som står i strategidokumentet, er jo at ein skal «vurdere å etablere VAR i norsk toppfotball». Det står ingenting om at det er vedtatt innført?

– Det var akkurat det eg sa, i strategidokumentet stod det at i perioden skal ein vurdere å innføre VAR. Det betyr akkurat det det betyr.

– Det er vel ein forskjell på å vurdere og å faktisk innføre?

– Jo men det var ingen, ikkje ein gong supporterane, som tenkte i den fasen at ein skulle ha eit nytt fotballting for å bestemme at ein skulle gjere det. På det tidspunktet så var det heller ikkje sterke synspunkt eller ein stor debatt som gjekk. Så det var ingen som tenkte at det å innføre VAR ville vekke desse reaksjonane. Og når vi spurte våre klubbar så var det 15 av 16 eliteserieklubbar som var for innføring av VAR.

– Klubbane stemte over dette utan å rådføre seg med medlemmane sine. Det var vel litt dumt?

– Når vi spør klubbane, forventar vi at dei gjer ei forankring i sin enkeltklubb. Korleis dei gjer det er opp til kvar enkelt. Sånn er demokratiet bygd opp – at det er eit hierarkisk system. Vi forheld oss til kvar enkelt klubb, og så må dei kvalitetssikre det internt. Så kan ein igjen i etterpåklokskapens ånd seie at han ikkje var god nok. Det tar vi kraftig sjølvkritikk på.

– Ifølge fotballtidsskriftet Josimar stod det i NTF sitt VAR-dokument som klubbene brukte som avgjerdsgrunnlag, at: «NFF sin administrasjon ønsker VAR og administrasjonen har nødvendige fullmakter til gjennomføring.» Har dei det utan NTF?

– Ja, det meiner eg absolutt at dei har. Det er fotballforbundet som bestemmer om vi skal ha VAR eller ikkje. På dette tidspunktet var det forankra i strategiplanen og ein meinte at dette var ei administrativ sak å implementere VAR.

– NFF seier at det blei gjennomført ei utgreiing av VAR før det blei innført, men ingen i media har fått sjå ho – har du sett ho?

– Eg veit ikkje om utgreiing er rett ord. Eg har ikkje sett noko utgreiing. Det eg trur dei meiner er at ein gjorde ein grundig prosess på kva slags VAR ein skulle ha i Noreg. Gjennom den prosessen var det god involvering, vil eg påstå. Det var masse møter der supporterane hadde tilgang og var med på ein del av dei møta. Vi var til og med på ei synfaring i Sveits. Eg var ikkje med er, men der var det supporterar frå NSA med for å sjå på korleis det fungerte.

– Det stod jo i strategiplanen frå 2020 at de skulle «vurdere å etablere VAR», så stod det plutseleg i anbodsdokumentet for medierettane til Eliteserien, som blei lyst ut hausten same år at «the NFF Congress in 2020 approved the introduction of VAR» – Kva skjedde i mellomtida her?

– No sat ikkje eg direkte i dei forhandlingane. Eg fekk sjå avtalen til slutt og var med å bestemme at vi skulle seie ja til det og inngå ein avtale med TV 2. Så vidt eg veit var det ein diskusjon som gjekk heile vegen, der fotballen var tydeleg på at dei ønska VAR, og TV 2 var tydelege på at dei syntest det var eit spennande produkt. Det var vel ikkje nokon større diskusjon enn det. Det er ikkje sånn at TV 2 har pressa fotballen til å innføre VAR.

– Forstår du at dei som protesterer, meiner dette ikkje var demokratisk?

– Eg respekterer fullt ut at dei meiner at dette ikkje var demokratisk. Men på det tidspunktet, med den informasjonen vi sat på, det var forankra i eit strategidokument som var vedteke av fotballtinget. Det var administrasjonens oppgåve å vurdere det. Klubbane blei spurt, og 15 av 16 sa ja. Då var det naturleg å gjere det. Men når ein sit i dag og ser alle protestane, så ville vi sjølvsagt gjort ting annleis. Men det var ikkje så lett å sjå den gongen. Eg trur det er viktig at ein evnar å sjå det brotet. Det er ikkje sånn at innføring av VAR automatisk er ein tingsak. No blir det det og det er eg veldig glad for.

– Klubbane blei spurt hausten 2021, men allereie hausten 2020, så står det at det er vedteke?

– Jo, men det er ikkje eit vedtak før ein har bestemt seg for å implementere det. Viss eit fleirtal av klubbane hadde sagt at dei ikkje ville ha VAR, så trur ikkje eg vi hadde fått VAR.

– No er det bestemt at det blir ny votering om VAR på neste eigarmøte i NTF. Du seier VAR ikkje ville blitt innført utan fleirtal. Kan du garantere at VAR blir avskaffa dersom eit fleirtal av klubbane stemmer mot VAR?

– Eg kan garantere at no kjem vi til å få ein veldig god prosess fram mot fotballtinget. Det er det øvste og viktigaste fotballdemokratiet vi har som vil avgjere VAR si skjebne.

– Ikkje voteringsmøtet til klubbane i NTF, altså?

– Eigarmøtet i NTF skal fortelje kva dei synest om VAR. Det er berre ein høyringsinstans. Då fortel vi forbundsstyret kva klubbane har sagt, så tar dei det med seg vidare i den saka. Det er ikkje NTF som vedtar dette, men vi gir råd til forbundet, som dei baker inn i saka dei legg fram til fotballtinget i Mars 2025. Fotballtinget kan ha akkurat dei meiningane dei vil.

– Kva er vitsen med VAR dersom verken klubbane eller supporterane vil ha det?

– Viss eit fleirtal av klubbane ikkje ønsker VAR, blir eg overraska om forbundsstyret legg fram ei sak om at vi skal ha VAR. Då må det vere andre ting som er årsaka til det i så fall.

– Dersom det blir vedteke å avvikle VAR på fotballtinget neste vår, vil det gjelde allereie frå og med starten av eliteserien 2025?

– Det er heilt umogleg å svare på. Det er noko som arbeidsgruppa skal sjå på og belyse. Kva blir konsekvensane og er det i det heile tatt mogleg? Det må vi finne gode svar på.

Dette får du

  • Nye perspektiver

    Journalistene våre gir deg analyser og vinklinger du ikke finner andre steder.

  • Klassekampen.no

    På klassekampen.no får du servert de beste sakene fra avisa. Du kan også lese dagens og tidligere utgaver, søke i arkivet og dele artikler med venner og kjente.

  • Nett eller papir?

    Du kan ha papiravisa hver dag, bare i helga eller ikke i det hele tatt. Digital tilgang har du uansett!