Solveigs salt

Å slå Trump

Høgresida appellerer til slukhalsar med dårleg smak.

Så gav han seg til slutt, Joe Biden, etter å ha hange etter neglene altfor lenge, etter å ha klort seg fast i gardinet som ein katt som ikkje vil hivast ut. Ein fullt oppegåande person ville ha overlate det til det demokratiske partiet å avgjera kven som skulle vera kandidat ved det amerikanske presidentvalet i haust. Ved å påstå at han trass i den høge alderen sin var i så fin form at han heilt sikkert skulle kunna halda det gåande i fire år til, demonstrerte han kor dårleg skikka han var. Først då han fekk covid, steig han tilbake til fordel for visepresidenten Kamala Harris.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Å sleppa ut håret

Kva for slags dyr ville du helst vore? spurde eg, ti-elleve år gamal og med mykje meir sans for hestar og kattar enn for menneske. Snigel, svarte farmor, for då kunne nokon trakka meg i hel slik at eg slapp å leva lenger. Ja vel, så var det best at eg heldt meg til hestane og kattane, og heller kom igjen ein annan gong. Farmor var ofte sjuk og nedfor, med migrene, åreknutar og omfattande organsvikt. Iblant låg ho til sengs og røykte pipe, som ho sa hjelpte litt. Det kunne gå vekevis før eg såg innom igjen. Då fortalde ho spennande historier om hønsehaukar og kulelyn, om korleis ho og farfar flytte vekk frå odelsgarden og dreiv gartneri og mjølkeutsal på eit lite småbruk, og om korleis ho heldt familien med mat under krigen. Ho la ikkje skjul på at ho hadde vore svært pen då ho var ung, med tjukt, bølgjete hår som var så langt at ho kunne sitja på det. Det syntest ho at eg òg burde ha, og eg lét villig håret gro, trass i at det slett ikkje var på mote.

Mirakel på loftet

Det me hugsar, er lagra hulter til bulter i hjernane våre, og ofte stemmer det slett ikkje med det som faktisk har skjedd. Men heile livet har eg bore med meg ein indre filmsnutt der eg knapt har fylt tre år og kryp engsteleg oppover høgaloftstrappa til farmor. Der er ikkje rekkverk, og svimlande djupt ned til gangen i første etasje. Hendene og knea mine er altfor små for dei bratte trappetrinna, og når eg prøver å stø meg mot innerveggen, møter eg berre ein laus masse av gamle klede som heng der. Det har skjedd ein farleg feil. Ingenting er lenger fast og påliteleg.

Heltinne­his­to­rier

Sarah Chauncey Woolsey var fødd i Ohio i 1835. Ho var pen og flink og hadde god allmennutdanning og mange vener. Nokre år etter den amerikanske borgarkrigen gav ho seg til å skriva bøker for ungdom under pseudonymet Susan Coolidge. Sjølv om det berre var noko ho dreiv på med ved sida av alt det andre ho gjorde, nådde dei vidt utover landegrensene, og her i Noreg kom dei ut i mange opplag. Det særeigne med desse bøkene er mangelen på dramatikk. Bortsett frå ei fatalt uhell som nær hadde gjort hovudpersonen Katy lam for livet, handlar dei nesten berre om å gå på besøk og ta imot gjester i eit naturskjønt Amerika der styresettet er upåklageleg og jernbane, postvesen og telegraf fungerer perfekt. Iblant dukkar det opp folk som er dumme og masete og urettferdige, men aldri verre enn at smarte jenter kan ordna opp med ei hand.