Arbeid

Eg har latt meg fasinera av to arbeidsfolk dei siste månadane, som utfører manuelt det arbeidet eg trudde var den perfekte oppgåva for ein robot. Med ein klassisk liten grøn John Deere kjem dei til to ventande grasklipparar, av den store typen. Med faste steg går dei fram og tilbake på det heilt flate og perfekt rektangulære graset, som nok er rundt 68 gongar 105 meter, eller der omkring, og ikkje har dei ein einaste stein eller tre eller tue som må forserast av klypparen. Matta som skal stellast, er Brann sitt treningsfelt, som denne veka er på lån til det norske kvinnelandslaget i fotball, som skal spela landskamp i Bergen snart.

Dagboka