Eg vil avslutta min debatt med Leif Sande (Klassekampen 8. juli) med nokre viktige poeng: Det norske Storting ville utan EØS-avtalen (og sjølvsagt utan EU-medlemskap) ha full råderett over våre ressursar, ikkje minst vår reine og fornybare vasskraft. Sidan me no dessverre er medlemer i EØS, gjeld det for spesielt vår kraftkrevjande industri å seia nei til Acer sitt fjerde energidirektiv. Saka om norsk tilslutning vert truleg utsett til etter neste stortingsval. Difor er det viktig å velja inn dei som står på val til nytt Storting i 2025 som har den rette haldninga i denne saka. Her må fagorganiserte i fleire bransjar vera vakne og innhenta reelle fakta om konsekvensane av Acer.